fredag 2. oktober 2009

NEI EG FÅR ALDRI NOK



Nei eg får aldri nok,
nei eg blir aldri fulltrygg
på at du verkeleg er her.
Her er mørkt så eg ser deg ikkje
du søv så du høyrer meg ikkje,
men varm er din kropp mot min, og nær.

Hendene mine kan ikkje nok
få visst: ja det er du!
Armane mine som femner din svevn
hungrar enn etter deg
og kan ikkje si lykke tru.
Munnen har kyss og ord
å strø ut over deg no med du søv
som blomar ned over eit mørkt rom,
kviskrar: er det du?
kysser: ja det er!

Din nærleik er regn over tørst jord.
Endeleg kom det, ei vårnatt skum og mild,
og no ligg all jord og berre drikk,
open og blind og still,
kan ikkje enn på si signingsstund tru,
kviskrar imellom dei lange tørste drag:
meir, meir, meir!

--- Halldis Moren Vesaas, frå Lykkelege hender

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar